onsdag 29. september 2010

Tøybleiebror

Lillebror skal få tøybleier, og eg må innrømme at eg er ganske spent.
Brettebleier og ulike andre typar tøybleier er kjøpt inn, vaska og lagt pent i korger ved stellebordet. Dei siste dagane har eg herja med strikkepinnane, og greidde å trylle fram deilige, sunne, fornuftige og sympatiske bleiebukser. Dei er strikka av supergodt Askeladden lanolingarn, kjøpt hos Nøstebarn.
I og med at rykta fortel om gode oppvekstvilkår for møll i våre dagar, har eg gjort mitt for å beskytte ulltøyet vårt. Eg har sydd ein liten bunke lavendelposar, som skal ligge litt her og der, innimellom ulltrøyer, strømper og anna. Og eg har også høyrt at det skal vere fint å putte ein lavendelpose i tørketrommelen, så det skal testast! :) Lavendelen er kjøpt i lausvekt, og den luktar himmelsk!
Men korleis kjem det eigentleg til å funke med tøybleiene?
Kjem vi til å finne eit godt system for oppbevaring og vask? Eg trur nemlig at det blir den største utfordringa..
Og kvifor vil vi velge tøybleier no når vanlege bleier nesten blir gitt bort i butikken? 
Eg vil ha tøybleier ikkje berre fordi det er trendy ;) Det må jo vere såå mykje betre å ha på! Og tenk dessutan på miljøet! Ikkje fleire bleielass i søpla herfrå!
Vel, vi får sjå korleis det går, og eg skal nok heilt sikkert fortelle om erfaringane undervegs!

Skal tru kva eg skal strikke no?
Eg storkosar meg med strikkinga om dagen.
Og eg storkosar meg med blogginga også!
Såååå kjekt med masse respons!

Ønskar deg ein herleg onsdagskveld!

tirsdag 28. september 2010

Superenkle fototips!

Har du lurt på korleis du skal få vist fram det du vil vise fram på bloggen? Eller korleis du skal få den til å sjå enda meir tiltalande og fin ut? Eg vil komme med nokre svært enkle tips!!

Det kan vere lurt å starte med bilda dine, for dei er noko av det første ein ser på, og om du ikkje er supergod på tekstformidling, er det ikkje så spennande med ein blogg med dårlege bilder... 
er ein fantastisk fin blogg, som ganske nyleg kom med nokre enkle fototips, 
og om du vil sjå dei kan du berre klikke her.

Eg vil råde deg til å laste opp Picasa, og så legg du bilda dine inn der for å bearbeide og lagre. Etter at eg har gjort det eg vil gjere med bilda mine, så eksporterer eg dei til skrivebordet i den storleiken eg ønsker (som oftast 1200 pikslar), for å hente dei derifrå til Blogger ved behov.
Bildet øverst er eit utsnitt av dette bildet. Hugs å tenke komposisjon og skarpheit når du nyttar knappen Beskjær, som du finn under Grunnleggande redigeringar. Dette bildet er ikkje gjort anna med enn at eg har lagt på meir lys, ved å bruke Utfyllingslys. Det er nok mine to favorittfunksjonar! :)
Og dette var utgangspunktet... Ikkje noko særleg å skryte av, men det tok berre få minutt å få det slik som eg ville ha det! :) Tenk så kjedeleg bloggen hadde sett ut om eg berre brukte slike kjipe bilder? Nei, eg er laaaangt frå proff, men nokre få enkle tips? Ja, takk!!
Desse tre bilda er også det samme bildet, men på tre ulike måtar. Først er det ubehandla, men så la eg på litt Utfyllingslys, og det vart som i midten. 
Deretter gjekk eg inn på Effekter, kor du finn mykje rart å leike deg med.
Eg valgte funksjonen Metning, og fekk gjort bittelitt med fargen, 
så det vart litt meir realistisk (faktisk) og litt meir barneselskap. ;)
Til slutt valgte eg å beskjære dette bildet også, for å rydde bort litt rot, 
og då vart det sånn. Eit lite utsnitt av barneselskapsbordet til 5-åringen. :)

Håpar dette kan inspirere og hjelpe deg til å legge ut store, fine, klare bilder! 
Eg gler meg til å sjå!
Lukke til!

lørdag 25. september 2010

Bursdagsfest!

Hipp - hipp - hurra!!
No er barneselskapet vel overstått, omtrent to veker før sjølve Dagen. :)
Det var stor stas, og storesyster hadde ein strålande bursdagsfest!
Ja, for ho betydde det ikkje så veldig mykje at det var litt for tidleg, 
for sjølve poenget var jo å få ha ein eigen fest!

Bordet vart dekka med voksduk og sjølvvalgte prinsessefat. Uff, eg likte ikkje fata særleg godt, og det gjorde ikkje alle gutane heller..hihi.. Men eg ordna pådekkinga medan ho var i barnehagen, og ho likte godt både blomstrane, nonstopane (mmm - nam!) og det at alle fekk forskjellige fine serviettar i plastglasa sine. Eit tips med slike glas er å feste eit klistremerke på kvart, slik at barna sjølv kan halde styr på kva som er deira glas.
Vi lånte eit par småbord og nokre stolar og krakkar, og vips! så hadde heile barneselskapet plass i riktig høgde. Koseleg! :) Og så er det jammen praktisk å kunne finne så mykje golvplass på stova 
at åtte barn lett kan plasserast der! 
Sånn er altså stova vår i bursdagsselskap. Har flytta på nokre møblar, men det var ikkje mykje som måtte gjerast. Og eg eeeeeelskar når sola skin inn gjennom alle dei store vindauga våre!!
Her skal det slappast av i helga... Og så skal vi spise litt kakerestar og nyte solskinnet både ute og inne.
Ønskar deg ein herleg laurdag!

torsdag 23. september 2010

Kosepose til lillebror

Stadig nye diller frå denne kanten, og i det siste har eg hatt fullstendig strikkedilla. Det resulterer i timesvis i godstolen med strikketøy i hendene, og herlege små plagg til lillebror. Det ser jo ikkje ut til at han har tenkt å komme med det første, og eg får gjort både det eine og det andre.
Eg fall pladask for denne boka av May B. Langhelle, med massevis av enkle og fiiine oppskrifter. Boka heiter Myk start, og May har også ein blogg med samme navn. Du kan for eksempel sjå nærmare på boka her.
Denne dressen, eller det er nok heller ein pose, er strikka av Drops Alaska, som er eit ganske tjukt ullgarn. Med tjukke pinnar og tjukk tråd går det som du sikkert veit relativt fort, og det likar eg! :)
Knappane har eg trekt med ein gammal loppisduk, og vi lo litt då eg var ferdig.. Eg har nemlig brukt tynnare garn enn det som var oppgitt i oppskrifta, og har dermed laga posen ein storleik mindre enn det som stod der. Det var heilt greit, og eg gjorde berre små justeringar i forhold til måla undervegs. Men knapphola gjorde eg ikkje mykje med, og eg var så opptatt av å få jevne mellomrom, at eg ikkje tenkte over at det kanskje vart litt tett mellom knappane.. Haha, sånn kan det gå med mindre kosepose og fleire knapphol enn i oppskrifta!
Uansett, ein utruleg deilig, varm, mjuk og sjarmerande kose- og køyrepose
(ja, for eg har faktisk laga hol til bilbeltet også!). 
No gler eg meg til det kjem ein utruleg deilig, varm, mjuk og sjarmerande lillebror i posen, 
så skal vi kose masse med han! :)

No ventar fleire bursdagsførebuingar, og eg skal prøve å ta nokre fine bilder undervegs... ;)
Ha ein fin dag!

onsdag 22. september 2010

Nyt detaljane...

Åå, så godt det er å tusle rundt i hagen med kamera på slep, på jakt etter det vakre!
Hagen er full av vakre små detaljar på denne tida, sjølv om vi lett overser det, 
og fort berre ser regn og grått og brune blad på bakken... 
Eg kjem med ei lita oppfordring! 
Ta med deg augene dine ut i lufta, sjå deg rundt, finn detaljar og nyyyt dei! 
-og ta gjerne med kamera, slik at det er lettare å bruke litt meir tid på kvar lille ting! :)

Eg kjem med eit knippe foto frå min hage i dag. 
Hausten er her for fullt, det er fire grader når vi står opp om morgonane,
ullundertøyet er på i barnehagen,
tøflane brukast flittig inne, 
og den nye tefavoritten heiter Rooibos Chili....mmmm!
Skal tru om den grøne solsikkeknoppen nokon gong får nok sol og varme til å sprette ut..?
Takk for mange koselege helsingar på innlegga mine, forresten!
Eg er kikkar innom til kvar og ein av dykk! :)

Ønskar alle ein fortreffeleg dag!

tirsdag 21. september 2010

Bursdagsinvitasjonar og forelskelse...

Tenk at mi vesle jente snart fyller fem år! Det er verkeleg ikkje til å tru at så lang tid allerede har gått sidan ho kom til verda! Det skal i alle fall feirast med brask og bram, med eller utan lillbror til stades... ;) 

Vi fann ut at det er vanskeleg å skulle planlegge bursdagsselskap om to veker, så vi framskundar feiringa, og tar den no medan lillebror er inni magen, og når mammaen til tider er i form til å lage til selskap. :) Så no skal eg planlegge godt, og velge enkle, men gode løysingar, slik at festen blir akkurat som verdas beste jente fortener og ønskar seg. Vi begynte med invitasjonane i går, og valgte ei relativt enkel og grei løysing. Ja, ho ville jo helst ha prinsesseinvitasjon, men det hadde vi nok ikkje i hus..hihi. Vimplar og sommarfuglar vart ikkje dumt det heller, og så var det jo moro å lage dei saman! :) -dessutan var nok glitteret det aller, aller viktigaste uansett!
Eg og storesyster låg tett inntil kvarandre i kosesenga i går og la planane. I utgangspunktet tenkte eg at vi skulle ha få gjestar, og for eksempel invitere berre jentene på omtrent samme alder. Men då eg spurte henne kven vi skulle invitere kom svaret veeeldig raskt:
A: Håkon! Han sussar meg på munnen...hihi! Han gjer alltid det...hihi!
G: Å? :) Er de kjærestar, kanskje?
A: Neida, vi berre leikar saman.
G: Men likar du at han sussar deg på munnen?
A: Ja! Då kriblar det i magen min, og magen min ler!!
Det var ei fantastisk fin stund vi hadde! Ho snakkar rett frå hjartet, og er heilt utruleg god til å sette ord på ting! Joda, det er nok storesyster sin første forelskelse...herleg! På kvelden då vi laga invitasjonane fortsatte fokuset på denne skjønne guten. Han skulle nemleg ikkje ha sommarfugl på sitt kort, for der spurte ho så fint om ho kunne få lov til å teikne ein prins og ei prinsesse i staden, og det var altså dei to. Han med lyst hår med litt krøllar i, og ho med rett hår og krone... Og ho fnisa og fnisa...moro!
No kjenner eg kaffelukta frå varm espressomaskin, og skal kose meg med ein deilig latte medan eg førebur bursdag og andre foreståande ting...

Håpar du opplever den gode kjensla i dag,
at det kan krible i magen din
og at du kjenner magen din ler...!

onsdag 15. september 2010

Vimplar som pyntar

Eg har sydd vimplar igjen. Ja, eg seier igjen, men det er jammen snart eit år sidan sist! Korleis veit eg det? Dei forrige vimplane vart sydd til bursdagen til Storesyster i fjor, og no nærmar det seg igjen. Og sjølv om det skulle vere bursdagsvimplar, så heng dei på stoveveggen enno! Dei er jo så fine! ;)

Mannen spurte ved middagsbordet her ein dag: Eh, heng det vimplar på stova no? 
Han kunne rett og slett ikkje hugse om dei var der, og tenkte ikkje særleg over det...
Men eg kan love at dei heng der, store og fargerike og herlege!

Desse nye vimplane er ganske ulike. Dei er relativt små, og her har eg hengt dei på det fine loppisskapet i stovekroken. Kosesenga har lappeteppe frå Kremmerhuset, og trappekrakken er eit funn... 
Det vart tre vimpelrekker, og den i raudt/rosa fekk ei lita venninne til 5-årsdagen i går. Sjølvsagt med matchande rosa hårspenner. Storesyster var veldig sikker på at ho nok ville like rosa aller, aller best!

Vimplane har ulik framside og bakside. Eg likte den i lilla og gult, så den får kanskje henge. Mens den i blått og grønt kanskje får pynte senga til Lillebror? Eller blir dei begge gåver eller julemarkedsting?
Den fine fuglen er forresten pinsefuglen som Storesyster laga i barnehagen i vår. Skjønn!

Vil takke så inderleg for varmande og gode kommentarar!
Kjekt å sjå at så mange bryr seg, og at så mange framleis heng med på bloggen, 
til trass for lite aktivitet. Det er godt å blogge når ein vil det! :)

Ønskar deg ein god onsdagskveld!

tirsdag 14. september 2010

Eg slepp lyset inn

Det er litt tungt å komme igang med blogginga igjen, kjenner eg.
Har vore borte frå bloggen i det siste, og har hatt hovudet og hjartet fullt av andre ting.
Men no trur eg at eg er på veg tilbake. :) Ikkje at eg har slutta å tenke på alt det triste og vonde, 
men eg kjenner at eg kan tenke på andre ting også. Og eg likar hausten.

Eg vil vere til stades her og no,
legge merke til det som er godt,
ha augene opne for det som er vakkert.

Har sydd to nye skjørt som no ligg ute på Epla.
Dei er begge i str. 4-6 år, og er på ein måte litt haustlege i fargane.
Ellers er den turkise sofakroken ved sørvinduet fyllt av herleg sol om dagen. Ericaen har ein nyydeleg farge, og lyset gjer allting gyldent. Vanskeleg å fange i kameraet, men bilda får oss til å hugse det likevel. :)
Eg har lengta ekstremt etter å nyte sola ute desse dagane, og kjenner nesten at det er litt lettare å vere til no når det regnar. Då er det liksom litt meir "lov" å kose seg inne med godt samvit, og utealternativet er ikkje like freistande. No skal eg finne god lunsj og kanskje lage meg ein kakao? Og etterpå ventar symaskina... Deilig!

Ønskar deg ein fin dag!

onsdag 8. september 2010

Nye hårspenner på veg!

Nye hårspenner på veg ut i Eplabutikken!

Tusen takk for all omtanke og varmande kommentarar på forrige innlegg.
Det gjer godt å få skrive om kjenslene sine, og sjølv om det på ein måte er skummelt å vere så personleg og utlevere seg sjølv, så er det verdt det. Eg ser at her møter eg berre godheit. De er gode! Takk!
Ønskar deg ein fin dag!

mandag 6. september 2010

Sorg


Det er ein nydeleg haustdag ute. Sola skin frå klar, blå himmel, og naturen viser seg frå si finaste side.
Alle eg møter på min veg er heilt som vanleg, men likevel er noko heilt annleis. 
Noko er frykteleg trist!

Eg kjenner tårene presse på, innimellom veldig, så det renn over over i strie straumar,
andre gongar berre som ein klump i magen eller eit tungt hjarte. Det skiftar fort, men sorga er der.
Den siste veka har eg møtt sørgande venner, som kvar slit med sitt, og som har heilt ulike typar sorger og vanskar, men likevel ufatteleg tungt å bere for den enkelte.

Denne helga fekk eg ein tung, tung beskjed, som eg måtte gi vidare til ei som står meg veldig nær, 
og som vart heilt knust av beskjeden. For henne var dette noko som er umuleg å bere, og som gjer det vanskeleg å stå på beina, vanskeleg å puste, vanskeleg å vere.
Og eg kan ingenting anna gjere enn å vere tilgjengeleg for henne.
Prøve å støtte, prøve å hjelpe - men utan å heilt vite korleis eg skal få det til.

Livet er ufatteleg brutalt. Og livet er ufatteleg urettferdig.
Eg føler at eg er i ei boble. Ei boble av lukke og kjærleik.
Og eg ber om at ikkje bobla skal sprekke.
Vil ha det slik. Trygt. Godt. Men verda utanfor sender små drypp inn til oss, og 
viser meg at brått kan alt endre seg. Før du veit ordet av det kan ulukka ramme deg eller dine. Og alt vi kan gjere med det er å vere bevisste på kva vi har her og no. Sette pris på kvarandre. Sette pris på dei gode stundene. Vere til for kvarandre, for familie, venner og andre vi møter på vår veg.

Medan eg skriv no, så renn tårene i strie straumar nedover kinna mine. Eg tenker på denne unge mannen som brått døde, og som ikkje er her meir. Eg tenker på dei som sit att. Eg tenker på alt som har vore og som ikkje kjem til å bli. Eg tenker på smila og på latteren. Eg tenker på alvoret og på moroa.
Fred over alle minna om vår gode venn.
Eg ber til Gud om at Han må gi dei nærmaste styrke og krefter til å komme gjennom dette. Og så håpar eg dei etterkvart vil sjå at det er mulig. At dei også kan sjå at himmelen er blå, at naturen er vakker, at vi som er att på jorda vil kvarandre vel og at vi treng kvarandre.

Som ei venninne med ei heilt anna sorg sa til meg i går: 
No var ho flinkare til å sjå gleda i dei små tinga, 
og legge merke til stundene når ho kjente at ho hadde det godt. 
Det håpar eg vi alle kan vere flinke til.

fredag 3. september 2010

Hausttakkefest i steinerbarnehagen :)

Eit lite bilderas herfrå i dag. :)
I barnehagen til Storesøster har det vore stooor fest i dag! 
Den siste veka (minst!) har dei jobba fram mot dette og bygd opp forventningane.
Det har vore innhausting av frukt og bær og grønsaker,
sylting og safting og baking...

Endeleg var dagen komt for 
hausttakkefest!

Og sjølvsagt pyntar ein seg til fest!
Oppfordringa var å kle seg litt som ei bondekone for 100 år sidan, 
og dette var det nærmaste vi kom.
Ikkje akkurat hundre år gammal drakt, men i alle fall tretti...
Denne trur eg jammen Bestemor har sydd til ei tante ein gong!
Tenk så deilig å bli møtt på denne måten i gangen!
Store og små flokkar seg rundt, og alle lurer litt på kva som fins i korga...

Jorden nærer lite frø
Solen modner korn til brød
Kjære sol og kjære jord
Takk for maten på vårt bord!
Velsignet være maten!

Årstidsbordet er dekka til haust.
Fine, fine barnehagen!!

Eg er så lukkeleg for at vi har ein så god barnehage!
Kvar dag ser eg at Storesøster har det godt og kosar seg,
og omgivelsane er heilt nydelege!
-og jammen lærer ho ikkje ein heil del også!
Perfekt!

Hugs å takke! ;)

torsdag 2. september 2010

Kaffekos og babyutstyr...

Enda meir mat... Denne gongen er det pappa som skulle kjøpe egg til meg, og kom heim med litt kaffemat. Ganske gode, og ekstra godt med litt kaffe til. :) Her er kanelsnurrane plassert på eit fat heilt etter min smak, som eg fann på loppis i Sverige tidlig på sommaren. Nydeleg form og fantastisk farge! (-åh, om eg berre hadde orka å gå og sjekke kva dei heiter...men nei, no sitt eg så fint i stolen min.) ;)

Eg må beklage den evinnelege gule duken...den har gått frå å vere fresh sommarduk i vår, til å bli sliten hobbyduk no. Hihi...og sjølv om eg innimellom får rydda bort hobbyane mine frå kjøkkenbordet, så kjem det fort tilbake. Og slik måå det jo berre vere! Om hobbysakene er rydda bort, så er det jo rett og slett umulig å bruke dei! 
Noko for ein kvar smak.. Her serverast både kaffe latte, presskannekaffe og o'boy! Og alle koppane har ei historie som eg kan. :)

Til sist må eg vise eit bilde av gårsdagens store prosjekt. Eg har streva lenge med det, og er verken heilt ferdig eller heilt fornøgd... Men eg har trua på at det skal bli bra!
Etter mykje om og men endte vi med å kjøpe brukt TFK vogn til lillebror, fordi den truleg er den mest bekkenvenlege vogna. Men eit stooort minus med den er at sportsdelen ikkje kan vendast, og at du ikkje kan ha barnet mot deg etter at bagen har blitt for liten. Eg VIL ha barnet mitt mot meg, for eg VIL ha den kontakta og kommunikasjonen! Så då gjekk eg på nett og fann Multi X! Så no har vi ein utruleg praktisk, men ikkje særleg estetisk bag til vesleguten. Den kan gjerast om til sittedel, og dermed skal den vere fin å bruke til barnet er omtrent 18 månader. Så lurt!

Så var det det litt vanskelege prosjektet mitt, då... Ein voksipose! Det grøne trekket er eit gammalt dynetrekk kjøpt på bruktbutikk i Gøteborg, og eg har funne ut at det er heilt perfekt til denne bruken! De får heilt sikkert sjå betre bilder seinare...no gjenstår litt småflikking, knappeshopping på den gøye knappebutikken i byen og så må eg bestemme meg for om den passar i bagen, eller om posen rett og slett er for stor..sukk!
Har du prøvd denne bagen, kanskje? 

I kveld skal eg imidlertid ikkje streve med noko prosjekt, men heller slappe av og spise reker med pappa. Det er også kosleg, og enno ein gong må eg berre konstatere at eg er heldig! Snille pappa som passar på oss jentene medan Mannen er bortreist! :)

Ønskar deg ein fin kveld!

onsdag 1. september 2010

Deilig haustkake!

Mmmmmm - deilig, lun, saftig og skikkeleg god blåbærkake!
Denne bakte eg i går, og i dag tok eg den med på jobben. 
Den var ein suksess på pauserommet!
Den er utruleg enkel å bake, og held seg god i dagesvis! Trur det er surmjølka som er trikset.. ;)
Og når det gjeld blåbærmengda, så brukte eg vel ca 3 dl blåbær denne gongen, og det var ganske passe. 
Drikk ikkje du kaffe? Den er perfekt til ein kopp te! -og det kan godt vere regnvèr og tente stearinlys også! ;)

Eg kjenner at det er deilig med haust no. Eg er klar!
Lufta er friskare, fargane klarare
og innekosen koselegare... 

Nyt dagen, du også!


blogger template by lovebird