torsdag 23. desember 2010

Ventetida er snart over

No er jula nesten her. Eg har brukt adventstida til å bygge opp forventingar, 
både mine eigne og Storesøster sine. No er forventningane skyhøge, 
og vi gler oss ufatteleg mykje til å vere saman med familien, 
leike, kose, ete godt og ha GOD tid saman.
Denne herlege julekrybba fekk illustrere lille julaften. ;) Eg fekk den av søstra mi for nokre år sidan, og syns den er så herleg. Det er små fingerdukker, og dei passar perfekt til eit bittelite dukketeater. 
Dei kan også vere inspirasjon, dersom du har litt filt eller nokre stoffrestar liggande,
og vil ha ein romjulsaktivitet. Det er jo så enkelt! Bruk lim, nål og tråd, og vips! så har du 
både vise menn, englar og Jesusbarn. Josef og Maria og nokre sauer må jo også få bli med..
Eg har ikkje fått gjort på langt nær så mykje som eg trudde dei siste vekene, 
men er strålande fornøgd med i alle fall ein ting... Eg har nemleg sydd julekjole til Storesøster!
Denne herlege, fine kjolen (ja, eg er kjempestolt!!) er sydd etter mønster frå Stoff og stil,
og femåringen fikk vere delaktig i farge- og stoffvalg. No gler eg meg veldig til ho skal ha den på,
og håpar på masse skryt, sjølvsagt... :)

Håpar du nyt denne spesielle kvelden!

onsdag 22. desember 2010

Legenda om dei fire adventslysa

Eg kom over ei vakker legende i dag, og vil fortelle den vidare her på bloggen.

Legenda om dei fire adventslysa

Fire lys brann på adventskransen. 
Det var heilt stille, så stille at ein kunne høyre lysa snakke til kvarandre.

Det første lyset sukka og sa:
Mitt navn er fred. 
Eg lyser klart, men menneska 
vil ikkje ha fred, dei vil ikkje ha meg.
Lyset vart mindre og mindre, 
og til slutt slukna det heilt.

Det andre lyset sa:
Mitt navn er tru. Men eg er blitt overflødig.
Menneska vil ikkje vite av Gud lenger. 
Det er meiningslaust at eg brenn.
Så slukna det andre lyset.

Trist og med lav stemme sa det tredje lyset:
Mitt navn er kjærleik. 
Eg eig ikkje lenger krafta til å brenne. 
Menneska overser meg. Dei ser berre seg sjølve 
og ikkje dei andre som dei skulle elske.
Også det tredje lyset slukna.

Eit barn kom inn i rommet, såg på lysa 
og sa med augene fulle av tårer:
De skal då lyse og ikkje slukne!
Då høyrast plutseleg stemma til det fjerde lyset:
Ver ikkje redd! Så lenge eg brenn 
kan vi tenne dei andre lysa igjen! 
Mitt navn er håp.

Og barnet tok ein flamme frå håpets lys 
og tente på nytt alle dei andre lysa.

søndag 19. desember 2010

Kreativ pakkekalender

Unikarina har organisert ein kjempegøy pakkekalender,
og i dag var det min tur å opne pakken som kom i postkassa for fleire veker sidan. 
Heldige, heldige meg! Så fint!!!

Dette vakre smykket av sterling sølv og gule howliteperler er laga av BetteBye

Eg nyt dagen og lyset og tida med skjønne barn, symaskin og julekaker.
Snart er den blå timen, og eg har så lyst til å ta bilder av den! 
Den fine stunda når alt er blått ute, før mørket tar over. 
snø og 14 kuldegrader i dag, så nokon lang trilletur blir det ikkje...
Men eg gler meg til deilig middag med gode, gode vennar!

Ha ein strålande dag, og takk for at du kom innom!

tirsdag 14. desember 2010

Julete for ein gourmet

Store mengder deilige, julete krydder, brunt sukker og litt vatn og te
vart til himmelsk god chaisirup!

Eg fann oppskrift her, og gjorde den meir til mi eiga då eg måtte lage ny porsjon. ;)
Litt chili er aaaldri dumt!
Inspirert av Hedda måtte eg også prøve meg på eigenproduserte teposar.. Joda, det er sjølvsagt litt fomlete, og ein lagar jo jobb for seg sjølv, men det er jo så godt med fersk te! Og favoritten! (Litt forvirring her, for det er ikkje eg som har laga teen til posane, altså! Det eg laga var chaisirup, men Te- og kaffehuset har god te til eit kvart høve! ;) Ingen kan vel seie at dette ikkje er fine juleteposar?

Ellers kan eg jo rapportere om like travle tider her som hos dei fleste andre. :) Eg lagar og fiksar og ryddar og trillar, men blogging blir det lite av.. Det er jo ikkje akkurat det at eg manglar noko å blogge om, men eg må rett og slett velge. Høyrast det kjent ut? Enten blogge eller lage... Så no lagar eg mest, og så får eg heller ta igjen bloggen når eg finn tid til det. ;) -og det gler eg meg til! 

Håpar du har gode adventsdagar!

onsdag 8. desember 2010

Store og små spørsmål...

Denne vakre, kloke og skjønne femåringen har så mange spørsmål!
Ho tenker på så masse rart, og spør om alt mulig! Eg syns jo det er stas å fabulere saman med ho, å stille spørsmål i retur, å komme med fantasifulle, morsomme forslag til svar og løysingar og saman komme fram til svaret. Og eg trur at det er viktig å stille spørsmål, enten ein er barn eller vaksen! Korleis skal vi ellers bli bevisste på det vi har rundt oss og korleis alt heng saman? Heldigvis har eg henne som kan minne meg på det!

I det siste har ho mellom anna spurt desse spørsmåla:
Ved matbordet: Kor kjem knaskelyden frå?
I bilen: Kven er det som set ut alle skilta?
På badet: Kva er vatn laga av?

Ein dag vi parkerer bilen framfor huset foregår følgande samtale mellom oss:
A: Mamma, kvifor blir ikkje straumen som går i gjennom øydelagt?
M: Gjennom...? Gjennom kva då, tenker du?
A: ......
M: Tenker du på straumen som går gjennom ledninga?
A: Ja, kvifor blir ikkje straumen som går gjennom ledninga øydelagt?
M: Hmmmm.... (Ja, no lurer eg litt på korleis vi skal halde fram, og ventar litt på at ho skal fortsette...)  
Tenker du at den kan bli øydelagt fordi det er så trangt, eller?
A: Ja!! Det er jo tusen-millionar trangt der!!

Ha ein fin og undrande dag?

tirsdag 7. desember 2010

Herleg magasin!

Via bareWUNDERBAR kom eg over dette magasinet, som heiter


Eg syns det var så fint! Utruleg mange flotte bilder, fine reportasjar, kjempebra tips til ulike nettsider og mykje meir. Anbefalar verkeleg ein kikk innom! Klikk på namnet så kjem du dit!

Gir deg eit lite bilderas, så du veit litt om kva du kan vente deg...
Og så kjøper eg meg litt tid til pepperkakebaking, amming, bæring og besøk i dag. ;)
Storesøster har tatt ein fridag, og vi skal kose oss masse! :)
Ønskar deg også ein flott dag!




Herleg, eller?

fredag 3. desember 2010

Julekransen min

Endeleg er kransen min ferdig! No skal den berre hengast ut på døra, slik at den kan ønske velkommen til gjestar og vise alle som går forbi at her hos oss er det jammen koseleg! :)

Kransen er ferdigkjøpt på Panduro for fleire år sidan, og har fungert på fleire måtar tidligare. Den vesle fuglen er også Panduro, trur eg...men eg er ikkje så sikker. Soppane og banda er i alle fall frå Søstrene Grene, og dei små konglene har eg plukka i skogen tidlegare ein haust.

Etter å ha blitt inspirert av både det eine og det andre, var det altså slik eg endte. Men det er alltid verdt å ta ein kikk på kva andre har gjort, for eksempel julekulekransen og alle tipsa her eller eplekransen og tusen andre ting her. Det er så gøy at vi kan inspirere kvarandre! Brukar timesvis på slikt, eg... Gjer du?

Ha ei nyyyydeleg helg!

torsdag 2. desember 2010

På tur med opne auge

Endeleg kom eg meg ut på tur i nabolaget! Med gode 12 minusgrader i lufta pakka eg oss godt inn, og bestemte at i dag skal bekkenet og bakkane testast... Det skulle bli ein roleg og fin runde i sola, så eg tok med kamera. Og det er så fint å gå tur med kamera i handa!! Augene er med på ein heilt annan måte enn ellers!
Sjå berre desse nydelege fuglekassene, og treet som har julekuler på...

Ja, så likar eg jo å ta bilder også, da! Og prøvar meg fram for å lære meir, men er nok ein frykteleg utolmodig student og utforskar! Kanskje eg skal ønske meg eit ekte fotokurs til jul? Syns jo sjølv at eg har potensiale...hihi! Og vi har godt nok utstyr, så eg burde jo bli i stand til å utnytte det!
Uansett, bildet over er samme motiv men med ulikt fokus. Syns raude nyper i den kvite snøen er så flott! 
Og iskrystalla som dekker det meste no er heilt utrulege! 

Med kamera dinglande over skuldra var eg årvåken på jakt etter elg. Stadig vekk høyrde eg rasling og knirking inni mellom trea, men såg heldigvis ikkje elg denne gongen... Eg må innrømme at eg er redd dei store dyra, sjølv om dei som bur her oppe ikkje bryr seg om folk. Eg håpa nok at eg skulle få tatt eit godt bilde av ein elg eg håpa eg ikkje skulle møte... Komplisert. ;)

Eg høyrde mange andre lydar også, og måtte stoppe opp under dette treet. Lenge leita eg med augene før eg fann hakkespetten, men den var der! Med flott raud farge og intens hakking i treet... Åh, så kjekt! Ekornet eg møtte etterpå var imidlertid så rask på foten at eg ikkje rakk å knipse. :)
Og bekkenet? Joda, det holdt! Jippi!!

Ta med deg kamera på tur, du også!

mandag 29. november 2010

søndag 28. november 2010

Tenn lys...


Tenn lys! ET LYS skal brenne for denne lille jord,
den blanke himmelstjerne der vi og alle bor.
Må alle dele håpet så gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtes.Et lys er tent for det.
Eivind Skeie

Alt ser så mykje lysare ut om dagen!Då har eg så mykje meir energi!
Denne dagen vart heilt fin, sjølv om eg sutra litt over den i går kveld... Beklager det, og tusen takk for oppmuntrande og morsomme kommentarar. Fint å sjå at fleire kan ha det like kaotisk...hihi ;)
Vi sang fin song til frukost i dag, og hadde ein slags adventsstake, ei gammal stjerne i vinduet,
ein skjønn kalender på bordet (den skal de få sjå nærmare seinare..), ferskt brød og deilig te.
Og så har vi pusla og klipt og limt og leika og kosa oss masse! Herleg!

Må vise fram desse skjønne, men til tider ganske masete barna mine, som eg elskar å vere saman med!
I dag har vi vore tett saman heile dagen, og i ettermiddag skal vi pakke oss godt inn (det er så vanvittig kaldt ute!!!) og ta turen saman ned til byen for å få med oss tenninga av den store julegrana på torget. 
Julestemning!
Storesøster har pynta denne fyrstikkeska, og den blir nok fin å gi bort! :) 
Litt heimefarga papir, nokre knappar og julete klistremerker, saks, lim og ei fyrstikkeske, og vips, eit prosjekt som femåringen kan greie nesten heilt sjølv!

Ha ein skjønn søndag!

lørdag 27. november 2010

Realitetsorientering...

Den evige optimisten får seg eit lite slag i trynet, og treng ei lita realitetsorientering... Når skal eg eigentleg lære?? Intensjonane er veldig gode, og måla er i og for seg oppnåelege, men ikkje med eit slikt tidsskjema!

I morgon er jo første søndag i advent, og det er høgtid! Vi skal ha forventningar og bygge forventningar, vi skal ha det fint rundt oss og pynte meir og meir mot jul. Det likar i alle fall eg. :) Men i dag er ein vanleg laurdag, og eg ville jo ikkje at Storesøster skulle sjå advents- og julepynten enno! Då blir det meir stas i morgon! Ho fekk berre sjå kassa som pappaen tok ned frå loftet før han forsvant for å "halde barnevakt", som Storesøster så fint kallar det.

Etter ein laaang laurdag med bytur, julemarknad, flyttehjelp og middagsbesøk vart det endeleg kvelden og leggetid, og eg kunne slå til med førebuingane til adventsfrukosten i morgon tidleg! :) 
MEN det er her vi kjem til det punktet som handlar om å sjå realitetane i augene og lære! 
Adventsstaken frå i fjor var ubrukeleg, og dei fire halvbrente, stusselege lysa stod på eit fat saman med restane av nokre få kongler. (Ja, og eg hadde sjølvsagt berre TRE nye lys...argh! Kvifor det?) Kransen var full av stearin og limpistollim, samt eit flekkete lilla silkeband. Greit, då er det berre å brette opp ermane og fikse. Eg er jo litt kreativ, og eg har mykje dilldall eg kan bruke! Men så våknar lillebror og vil ha pupp, og han vil bærast heile tida, og natta som var sov vi aaaaltfor lite. Sliten... 
Så medan Lillebror duppar på venstrearma mi no, kan eg blogge med høgre. Eg kan vise dårlege kveldsbilder av halvferdige prosjekt og utprøvingar, og sutre litt, sjølv om det ikkje eigentleg er det eg har bloggen til... Etterpå skal eg rydde det verste rotet. Og i morgon skal heldige Storesøster få hjelpe meg å lage krans til ytterdøra og lysestake til kjøkkenbordet. DET blir ein koseleg søndagsaktivitet! Gler meg!

Trøytt og god nattaklem frå nybakt tobarnsmor... :)

torsdag 25. november 2010

Gnistrande!

Vi stod opp til gnistrande kulde i dag! Gradestokken viste 17 minusgrader!
Då er det berre ein ting som nyttar og det er ULL! Frå innerst til ytterst!

Heldige Lillebror har fått deilig, mjuk og fin alpakkavest,
som blir trekt utanpå alle dei andre ullkleda,
og så blir han lagt på eit skinn, under eit ullteppe.
Eg fyrer i ovnen og sitt i den turkise sofaen, der eg kan
nyte nokre varmande solstrålar gjennom sørvinduet.
Men vinduet er trekkfullt, og eg frys faktisk på baken..

Eitt av vindua ser slik ut, med fantastisk fine og fascinerande isroser!
-og for dei som lurer så har vi super skøyteis på eit vatn i nærleiken,
og Storesøster skal nok få ta seg ein tur dit med pappaen igjen, 
når det berre blir litt mindre kaldt i lufta.... Fysj, det er iiiiskaldt!!

Tusen, tusen takk for varmande og fine kommentarar! 
Tida mi strekk ikkje heilt til om dagen, men eg lovar å bli flinkare til å gi respons tilbake! ;)
Ønskar deg også ein gnistrande fin dag!

onsdag 24. november 2010

På kjøkkenet i dag..

I dag står eg på kjøkkenet. Eg har knytt fast Lillebror i ein Moby wrap, så eg har armane fri, men det er jammen ikkje berre lett likevel... Heldigvis søv han for det meste når han heng der, og det er deilig! 
Då kan eg kose med det mjuke håret når som helst, samtidig som eg piskar egg og sukker og lagar 
mmmmm - fransk sjokoladekake!

Bildet over er glimt av kjøkkenet mitt. De får ikkje sjå heile! (Isj...kaos!)
Klokka på veggen er heilt herleg! Den er kjøpt på Åhlèns, slik som kaninstoffet som mannens forkle er sydd i. Han er jammen kjekk når han ein gong iblant stiller i finskjorte og forkle 
og diskar opp med tre-retters romantisk middag!

Den rosa termosen er pynta med klistremerker frå Panduro, og Storesøster eeeeeelskar å fylle den med kakao og ta den med på tur! Til sist ser du litt av resirkuleringssystemet vårt. 
Store korger frå Kremmerhuset til plast og papir.

Ei lita samling raringar har også plass på benken. Eg er så glad i kombinasjonen raudt, rosa og lyseblå/turkis! -og sidan kjøkkenet vårt er ganske nyoppussa på den sjellause måten, må vi bringe inn nokre fargeklattar og humor...og så kan eg jo drøyme om å skifte skapdører, benk og fliser!

No skal eg svinge meg rundt og prøve å få gjort litt igjen!
Ha det godt!

tirsdag 23. november 2010

Tjuvstart...

Det kjennast ut som eg har tjuvstarta...
Eg brukar jo aaaaaldri å begynne å jule i november! 
Det er til og med slik at eg held meg unna mandarinar heilt til desember,
for ikkje å snakke om julebrus og andre ting med nissar og slikt på! 
Men i år er det altså litt annleis. Og eg veit ikkje heilt kva eg skal skulde på...
Kan det vere påvirkning frå dei utallige superinspirerande bloggane eg stadig kikkar innom?
Eller kan det vere fordi eg går heime og ikkje er opptatt med jobb?
Uansett - i år føler eg meg i rute som aldri før, og det er deilig!
(Sjølv om eg garantert kjem til å stresse til siste slutt..hihi)

Kvart år lagar eg kalender til lillesøstra mi. Ja, ho er ikkje så veldig lita lenger,
men uansett lillesøster, og då skal ein stullast litt med.
Eg håpar ho sett pris på det! ;)

Eg syns kalenderpakkane vart ganske fine i år, med gråpapir, sølvtråd og små raude perler.
Sølvtråden er litt lang, slik at den kan brukast til å feste pakken i sjølve kalenderen,
som eg sydde for fleire år sidan. (Og eg ville nok laga den litt annleis no..)
Forresten så kan du sjå at gåve den 24. er litt annleis... Og søstra mi veit til og med kva som er inni..hihi!
Ho skal nemleg feire jul i utlandet i år, og må få Tre nøtter til Askepott sendt i posten!
Storesøster var med å pakke inn nokre pakkar i går, og ho kosa seg med perleskrinet mitt.
"Mamma - eg fann ein juvel!"

I dag skal i alle fall kalendergåvene sendast - med eller utan juvelar! ;)
Og i dag har eg gjort enda ein litt julete ting...
Eg har baka havrekjeks! Dei er suuuuupergode!

Havremakronar
4 koppar store havregryn
2,5 koppar kveitemjøl
2 koppar sukker
250 g smelta smør
8 ss mjølk/fløyte
2 ts kanel
2 knivsoddar malt nellik
2 ts natron

Bland alt saman. Ofte syns eg det trengs litt meir væske, og då tar eg forsiktig i litt meir mjølk til deiga heng saman. Så legg du deigen på plata med teskei, eller triller små kuler, slik som eg. Om du har 20-25 på kvar plate blir det ganske passe. Skal steikast på 175 grader til dei er lysebrune, og hugs å ta dei ut i tide, så blir dei så seige og gode! Kos deg!!

søndag 21. november 2010

For ei avslutning!

Ei strålande avslutning på ei heilt nydeleg helg!
Søndag ettermiddag vart det skøytetur for Storesøster og pappa,
og då vanka det sjølvsagt bollar og kakao etterpå. 
Det høyrer vel med! :)

Ønskar deg ei riktig god veke!

fredag 19. november 2010

Jambo!

Ein av mine favorittar på barne-tv i dag! 
Har du fått med deg Tinga tinga tales?

Fargerikt og flott! Eg blir utruleg inspirert, og får lyst å sette meg ned med teiknesakene med det samme! :)
Og i tillegg har jo alle historiene moral, à la Æsops fabler... 

Du kan sjå på heimesida her!
Eg har ikkje sett så nøye på den sida sjølv enno, 
men gjett om eg skal! Gler meg! :)


Til slutt må eg berre få vise dykk nokre superfine ullprodukt til barn
frå herlege Lillelille. Dei har både heimeside og blogg
og akkurat no har du sjansen til å vinne ein vinterbag.
Den vil eg gjerne ha! :) Kikk innom du også!

Ha ein koseleg fredagskveld!

torsdag 18. november 2010

Sjarmerande armpynt

Hurra, i dag har eg fått laga noko fint!
-riktignok med ein skrikande gut på armen,
men eg vart fornøgd likevel! ;)

Dei skjønne ullkulene frå bildet øverst i bloggen vart sortert etter fargar og lagt i riktig rekkefølge,
før eg brukte ei litt kraftig nål med spiss og fekk tredd dei på ein strikk. Kom og kjøp! ;)
Superkreative Karen skal ha litt av æra!
Og om du ikkje har vore innom bloggen hennar før,
vil eg verkeleg anbefale ein titt inn hit!

Ønskar deg ein deilig kveld!

onsdag 17. november 2010

Travle dagar...

Det er ikkje heilt til å tru, men tida går skrekkeleg fort, og blogginga blir dessverre nedprioritert. Men ærleg talt, eg burde absolutt få til meir enn eitt innlegg i veka! Skjerpings no! Eg har jo såå mykje å blogge om, både fordi eg boblar over av innestengt kreativitet og fordi eg har så mykje eg vil vise fram. 

Først ønskar eg å ta fatt i dei mange prosjekta mine. Tankar om julepynt, julegåver, adventskalender, lysestakar, kransar, babyklær, strikketøy osv... Og eg klør i fingrane etter å lage system i rotet mitt. Fikse i bokhylla, i kjøkkenskapa, i kleda, i sysakene osv... Men i staden sitt eg altså her og bloggar med eine handa, medan den andre held rundt lillebror som ligg på brystet mitt. Av og til ligg han jo i vogga også, men han søv mest om kvelden, og då er eg så trøytt at eg ikkje får gjort noko uansett. Nokon som kjenner seg igjen? Det handlar mest om pupp, bleier og byssing for tida....

Må forresten drive med litt reklame... Har fått eit heilt herleg leiketeppe frå Birgit&Benny. Inspirerande og flott! Og sjå den fine spurven i tre frå Little Alouette, som lillebror kan bruke som bitering om nokre månader. Likar så godt desse tinga! Og ja, vi har fått mykje anna fint også - takk!!

På det øverste bildet ser de dagens foto av skatten min, ved sidan av eit bilde av to (nesten) ferdige waldorfdukker. Dei skal vere med på julemarknad i barnehagen på søndag!
Bli med du også! Klikk på bildet under for meir informasjon.


Ha ein fin ettermiddag, og så sjåast vi snart igjen, håpar eg!

onsdag 10. november 2010

Moro med meisebollar!

Det er på tide å tenke på småfuglane no! 
Ja, eg må jo innrømme at eg er ganske egosentrisk om dagen, 
og er stort sett berre opptatt av at ungane mine skal ha det godt!
Den vesle guten min seier klart ifrå når ikkje alt er som det skal vere,
og det gjer storesøster også... :) Men dei er så skjønne! Og så gode!!

Her ein ettermiddag fekk vi endeleg somla oss til å lage meisebollar,
eg, storesøster og pappaen. Kosleg familieaktivitet!
Vi har samla emballasje ei stund, og no klipte vi hyssing, knytte saman endane 
og lot løkka henge ut av begeret vi brukte. Yoghurtbeger er veldig passe i storleiken!
Og som du kan sjå er det diverse andre kreative prosjekt på gong samtidig...det er det visst alltid! ;)

Pappaen smelta Delfiafett i ein kjele, og storesøster hjalp til å helle dei andre ingrediensane oppi. 
Ein kan bruke både det eine og det andre, men vi valgte å bruke 
solsikkefrø, linfrø, kokosmasse og grovhakka hasselnøtter.
Så kunne vi helle "røra" i begera og la det stivne. Det er lurt å sette dei ut eller i kjøleskap før dei skal hengast ut, og så berre varme begeret raskt på utsida for å få ut den ferdige meisebollen.

Desse delikatessene heng no i ei bjørk ikkje langt frå kjøkkenvinduet vårt, og vi håpar veldig på meir besøk der i år enn i fjor... No ser det imidlertid ut som kråkene har okkupert festmåltidet, men det var faktisk ikkje kråkebollar vi laga! Litt uheldig at kråka er lur nok til å fiske opp tråden til meisebollen med foten, slik at den får tak i den... Vi får tenke ut ein lur plan, og ønskar oss dompap, kjøttmeis og andre småfuglar i staden!
Eg må forresten få seie TUSEN TAKK for alle dei koselege helsingane!
Det er såå kjekt at det er så mange fine folk der ute, som berre ønskar oss alt godt!
De skal vite at eg set utruleg stor pris på det! :)

Lukke til med meisebolleproduksjonen!


blogger template by lovebird